Nytt sauefjøs på Voss
LID: Hjå Kjersti og Stian Nordgård Lid står no eit flunkande nytt og frittståande sauefjøs klart. Driftsbygningen er skreddarsydd for 65 vinterfôra sau, med fokus på enkle kvardagsløysingar og god dyrekomfort.
Publisert: 24. februar 2026

I dette prosjektet har Fjøssystemer levert ei komplett pakke med innreiing og tekniske løysingar som skal sikra god flyt i arbeidet, særskilt i den travle lammingstida.
Fokus på hygiene og dyrevelferd
For å sikra best mogleg hygiene og eit tørt liggeareal, er fjøset utstyrt med Mik Stepper plastrister. Desse er monterte på solide bærejern som toler tidas tann. Plastrister gir ein lun overflate for dyra og er svært enkle å halda reine.
Lammesikker innreiing
Sjølve bingeløysinga er bygd opp med lammesikre frontar og bingeskiller. Dette er avgjerande for å unngå at lamma kjem seg på avvegar eller skader seg. Alle skiller er utstyrte med portar som gjer det enkelt for bonden å flytta dyr mellom avdelingane på ein sikker måte.
Tekniske leveransar:
- Drikkesystem: Komplett anlegg med drikkeniplar som sikrar dyra friskt vatn til kvar tid.
- Ventilasjon: Eit driftssikkert system med manuelt styrte veggventilar som kombinerer naturleg og mekanisk avtrekk via vifte i tak med spjeld. Dette gir full kontroll på luftkvaliteten i fjøset.
Me i Fjøssystemer takkar Kjersti og Stian for oppdraget og gratulerer med eit flott nyanlegg på Voss!
Selger: Olav Hjetland Bringedal, 94 17 88 15, [email protected]
Sauefjøs
Kunde: Kjersti og Stian Nordgård Lid, Voss.
Innredning: MIk Stepper plastrister, lammesikre frontar og bingeskiller, komplett drikkesystem med drikkeniplar.
Ventilasjon: Komplett ventilasjonanlegg med manuelt styrte veggventilar og avtrekksvifte i tak med spjeld.