Ordføraren opna nytt fjøs i Voss
I helga var det ope fjøs hos Øyvind Berge på Voss, og ordføraren sjølv kom for å klypa snora! Over 200 nysgjerrige sjelar tok turen for å sjå det nye, flotte fjøset til denne innovative bonden som er heilt i toppen når det gjeld mjølkeproduksjon i Noreg.
Publisert: 19. november 2024
Tilbygget er bygd i massivtre, og er utstyrt med det aller siste innan mjølkerobotar. Lely A4 mjølkerobot, kraftfôrstasjon Lely Cosmix, gjødselanlegg Dairypower i kjellaren.
For å sikre godt inneklima er det installert naturleg ventilasjon frå Arntjen, og kuene ligg godt på liggbåsmatter frå Kraiburg. Innreiinga er levert av Jourdain og Easyfix.
Alt i alt er dette eit fjøs som syner at norsk landbruk er i framkant!