Opent fjøs
Massivtre og melkeglede i Ørsta
På Sæbø i Ørsta har familien Rem Haugen realisert draumen om eit nytt fjøs som fører saman tradisjonelt handverk og moderne teknologi. Med massivtrevegger, hybrid ventilasjon og fokus på kukomfort, har det nye bygget på Rekkedal vorte eit referanseprosjekt for heile regionen.
Publisert: 3. februar 2026
I oktober 2025 flytta Tonje, Knut Inge, Maria og Sander inn i sitt nye mjølkekufjøs. Då dørene vart opna for «Opent fjøs» nyleg, tok over 250 personar turen for å sjå resultatet – eit oppmøte som var over all forventning, og som vitnar om stor interesse for både trebygg og moderne mjølkeproduksjon.
Massivtre og naturleg inneklima
Det som først møter deg på Rekkedal, er atmosfæren. Fjøset er bygd i ein solid trekonstruksjon med vegger i massivtre. Dette materialvalet gjev ikkje berre eit vakkert bygg som glir naturleg inn i det sunnmørske landskapet, men det bidreg også til eit lunt og stabilt inneklima for dyra.
Bygget er utstyrt med ei «hybrid» ventilasjonsløysing. Store veggventilar og naturleg utlufting gjennom eit luftemøne i taket sørgjer for frisk luft utan behov for energikrevjande vifter, samstundes som det gjev eit lyst og triveleg miljø for både folk og dyr.
Velferd og logistikk i sentrum
Sjølve hjarta i fjøset er ei to-rekkers liggebåslysing for mjølkekua. Her er det lagt vekt på god plass, mjukt underlag frå Promat og Jourdain-innreiing for å sikre optimal liggekomfort. Logistikken er planlagd for å gje dyra ro, medan bonden får ein effektiv arbeidsdag.
Teknologien spelar på lag med familien på Rekkedal:
- Lely A5 mjølkerobot: Sørgjer for presisjon og fleksibilitet i mjølkinga.
- Lely Discovery: Skraperoboten held gangareala reine og tørre.
- Kalvevelferd: Utvendig oppstalling av kalvar i halmhallar sikrar god helse og frisk luft frå første dag.
Fjøssystemer som totallandør og rådgjevar
Prosjektet på Rekkedal viser korleis Fjøssystemer Gruppen bruker rådgjevarkompetansen sin til å levere ein komplett pakke – frå gjødselkjellar og massivtrekonstruksjon til den mest avanserte i-mek-løysinga på marknaden.
«Det er inspirerande å sjå ei familiebedrift som dette satse målretta på dyrevelferd og berekraftige materialval,» seier Sigbjørn Kirkeeide i Fjøssystemer. «Samarbeidet med familien Haugen har vore prega av gjensidig tillit, og resultatet er eit fjøs som er rigga for framtida.»

Prosjekt: Stig Inge Haugen
Byggherre: Tonje, Knut Inge og Sander Haugen
Sted: Sæbø, Ørsta
Type bygg: Melkekufjøs i massivtre og trekonstruksjon
Konstruksjon: Massivtrevegger, full gjødselkjeller
I-mek: Lely A5 melkerobot, Lely Discovery skraperobot, Jourdain innredning, Promat madrasser.
Ventilasjon: Hybrid ventilasjon med veggventiler og luftemøne.