Ring 02634

Tre generasjonar satsar saman i Hyen

Hjå familien Straume i Hyen står eit flunkande nytt driftsbygg klart til bruk. På garden er tre generasjonar aktive i den daglege drifta, og med nybygget er garden rusta for ei framtidsretta og rasjonell mjølkeproduksjon med trivsel og velferd i høgsetet.

Fjøssystemer har i tett samarbeid med familien vidareutvikla forprosjektskissa. Resultatet er praktiske løysingar for ein trygg og enkel kvardag, mellom anna med god og smidig utskiljing til kalvingsbinge direkte frå bakgruppa, og ei fleksibel bingeskiljeløysing mellom mjølkekyr og sinkyr.

Hjernen i fjøset er ein ny Lely Astronaut A5 Next mjølkerobot. Roboten er utstyrt med ISO LD plus, integrert celletalsmålar og vektgolv, noko som gjev bonden full oversikt over helsestatus, brunst-, drektigheit- og kalvingsvarsel for kvart enkelt dyr.

Fjøsrommet elles er innreidd med fokus på mjuk liggekomfort og godt fotfeste. Dyra går på Suding skråspalt med gummimatter, medan liggebåsane har Promatmadrasser og robust Jourdain-innreiing. Reint underlag sikrast med ein Lely Discovery spalteskrapar. Inneklimaet vert regulert av Arntjen naturleg ventilasjon med gardiner og luftemøne, og i gjødselkjellaren sørger eit FS luftomrøringsanlegg for jamn og handterleg gjødsel.

Monteringa er trygt utført i samarbeid mellom Fjøssystemer service, Eid Elektro og Utigard agro.

Fjøssystemer Midt / Nordvest takkar familien Straume for eit framifrå samarbeid, og ynskjer heile gjengen lukke til med ny fjøskvardag!

Prosjektfakta

Kunde: Arild Ove Straume med familie
Stad: Hyen, Vestland
Driftsform: Mjølkeproduksjon
Bygg/omfang: Nytt lausdriftsfjøs for mjølkekyr og sinkyr
Mjølking og robotikk: Lely Astronaut A5 Next (med ISO LD plus, celletalsmålar og vektgolv), Lely Discovery spalteskrapar
Innreiing og velferd: Jourdain innreiing, Promatmadrasser, fleksible bingskille, Suding skråspalt med gummimatter
Ventilasjon og energi: Arntjen naturleg ventilasjon med gardiner og luftemøne, FS luftomrøring i gjødselkjellar
Montering: Fjøssystemer service, Eid Elektro og Utigard agro
Sal i-mek: Sigbjørn Kirkeeide | 99 56 08 10, [email protected]
Leverandør: Fjøssystemer Midt / Nordvest

Relaterte innlegg

DSC05745
VideoThumb
b18dd1ec-9ec6-453a-9b6e-842715423e0f
8b6a9937-4cc0-469a-b1c9-f9836286eb08
a30b6f04-98d8-4632-a438-c5acc508c160
VideoThumb
1-1 C1213.MP4.04_30_58_00.Still001
20260819_112056118_iOS
DSC05524-Duplicate
videothumb
Eivind Soldal
b29b975d-5a1c-44b9-ab28-92339dca0e15

Kontakt oss

Benytt skjemaet for å gjøre en henvendelse relatert til denne siden, så blir du kontaktet innen kort tid. Klikk her for å se oversikt over kontaktpersoner

Kontakt oss

Section

Section

Skroll til toppen