Topp stemning under ope fjøs hjå Astri og Ørjan Sveine Hov på Øvre Brekk gard på Bismo! Det varmar eit fjøshjarte å sjå korleis ei ung familie vel å satse for fullt på heimbygda si.

Ved å ta over garden og legge ned ein enorm eigeninnsats saman med vener, familie og gode nabokrefter, har dei blåse nytt liv i fjøset frå 1979. Det gamle grisehuset er no forvandla til eit lyst, moderne og lettstelt lausdriftsfjøs for ammeku og storfekjøtproduksjon.
At unge folk tek over eldre bruk og rustar dei opp for framtida, er heilt uvurderleg for eit lokalsamfunn som Skjåk. Det skapar livskraft, framtidstru og held hjula i gang i bygda!
Mange nysgjerrige tok turen innom kveldsarrangementet for å sjå dei praktiske løysingane: 24 liggebåsar med mjuke gummimatter, Jourdain fangfrontar, WOPAS-stolpar, sjuke- og fødebinger, eige kalvegjømme og ein Lely Discovery skraperobot som held spaltene reine.
Jordbrukssjef Erling Dagsgard kasta glans over kvelden då han heldt tale og stod for den offisielle snorklippinga for det «nye» fjøset.
Ei stor takk til vertskapet Astri og Ørjan for at me fekk kome, til Nortura og Ottadalen Mølle for godt samarbeid om serveringa – og ikkje minst til alle sambygdingar og fjøsfolk som tok turen og gjorde dette til ein skikkeleg triveleg kveld!


























