Hjå Marielle Nevland Sømme og Ole Andreas Sømme på Haraland utanfor Ålgård har sauefjøset gjennomgått ei solid oppgradering. Bygget starta i si tid som eit tradisjonelt kufjøs, før det i 2014 vart bygd om til eit funksjonelt storbingefjøs for sau. No har drifta teke endå eit steg vidare med fokus på enklare kvardag og presis fôring.
Gjennom sommaren og hausten har fjøset fått på plass nye fôrkassar og moderne kraftfôrstasjonar. Ole Andreas kjenner landbruksteknikken betre enn dei fleste gjennom sin daglege jobb i Lely (Melketeknikk Vest), og saman med Marielle har han lagt til rette for ei fôringsløysing som både sparer tid og gjev jamn og god tilgang på fôr for flokken.
Fjøssystemer Vest nytta montasjen til ein lærerik fagdag. Montørane våre fekk opplæring og kursing i felt, der det nye styresystemet SF61 frå BioControl stod i sentrum. Dette systemet gjer det mogleg å fôre og styre kraftfôrtildelinga heilt ned på individnivå for kvar enkelt sau i besetningen. Gjennomgangen vart leidd av seljar Olav Hjetland Bringedal i samarbeid med montør Livar Helland.
Me takkar Marielle og Ole Andreas for oppdraget og eit triveleg samarbeid, og ynskjer lukke til vidare med haustinnsett og ny sesong i fjøset!
Prosjektfakta
Kunde: Marielle Nevland Sømme og Ole Andreas Sømme
Stad: Haraland, Ålgård (Rogaland)
Driftsform: Sau
Omfang: Oppgradering av eksisterande storbingefjøs
Fôring og styring: Nye fôrkassar, kraftfôrstasjonar og BioControl SF61 styresystem (individfôring)
Opplæring/kurs: Intern montøropplæring ved Olav Hjetland Bringedal og montør Livar Helland
Sal i-mek: Olav Hjetland Bringedal / 94 17 88 15 / [email protected]
Leverandør: Fjøssystemer Vest























