Ring 02634

Sauefag og fjøsprat på vegen

Frå Voss til Jæren med Olav og Anders

Rett etter lemminga pakka Olav Hjetland Bringedal og Anders Konglevoll bilen og la ut på ein omfattande turné på Vestlandet og Jæren. Målet var å treffa bøndene der dei er, diskutera drift midt i den travlaste tida på året, og sjå på smarte løysingar for ein lettare kvardag i sauefjøset.

Olav Hjetland Bringedal, sau, sauefjøs, Voss, Hardanger, Røldal, Suldal, Hjelmeland, Jæren, Rennesøy. 2026

Ruta for turen var av det seige slaget: Voss, Hardanger, Røldal, Suldal, Hjelmeland, Jæren og Rennesøy. Langs vegen fekk dei to i-mek-smarte karane sjå mykje flott vestlandsnatur, men det var dei gode samtalane inne i fjøsa som stod i sentrum.

Stor interesse for Sauepodden og nye produkt

Turnéen fann stad midt under lemminga, ei tid der sauebønder flest har meir enn nok å gjera. Likevel var det mange som tok seg tid til ein uforpliktante prat om sau og drift.

– Vi er heldige som får moglegheita til å reisa rundt og møta så mange flinke og kjekke bønder, fortel Olav Hjetland Bringedal.

Mange av dei som fekk besøk kunne fortelja at dei følgjer Fjøssystemer gjennom Sauepodden, og det var stor interesse rundt dei nyaste produkta og teknologiane våre for sau.

Ønskjer ein lettare kvardag og meir tid til dyra

Gjennomgåande for samtalene på turen var eit tydeleg ønskje frå bøndene om å effektivisera drifta for å spara tid og krefter. Mange fortel at dei ønskjer ein lettare kvardag med mindre tid bunde opp til fôring og tungt fysisk arbeid. Ved å automatisere eller forenkle mekaniseringa, frigjer ein verdifull tid som i staden kan brukast på sjølve dyra og dyrevelferden.

Her treng ein slett ikkje alltid å planleggja store og kostbare nybygg for å få ein betre arbeidskvardag.

– Det finst utruleg mange gode i-mek-løysingar for sau i dag. Erfaringa vår er at vi stort sett alltid finn smarte og skreddarsydde måtar å oppgradere og effektivisere på i dei eksisterande bygningane som allereie står på garden, forklarar Anders Konglevoll.

Klar for ny tur – vil du ha besøk?

Erfaringane frå denne turen gav meirsmak, og Fjøssystemer planlegg allereie neste saue-turné. Vi samlar difor opp kundenamn og ønskjer om besøk fortløpande.

Går du med planar om å gjera sauefjøset ditt meir lettvint, eller ønskjer du berre ein uforpliktande saueprat om kva moglegheiter som finst i ditt eksisterande fjøs? Ta gjerne kontakt med ein av sauspesialistane våre for å avtale eit besøk på neste runde:

Relaterte innlegg

stilling ledig
Lam på halm i sauefjøs
Oddmund Hildal
Lamming hos Kjetil Lien
Sauefjøs hos Kjersti og Stian Nordgård Lid. Voss, 2026
Storbingeløsning hos Finn Mo, Lærdal 2026
Sauepodden med Olav Bringedal, Anders Konglevoll og Kjetil Lien. Januar 2026
Sauepodden Julespesial 2025. Foto: Anders Konglevoll
Sauepodden: Paring, avl og vinterens fagmøter. Foto: Anders Konglevoll
Saueprat: en podkast-serie fra Fjøssystemer Gruppen. Foto: Anders Konglevoll
Sauesanking i fjellet
Anders Konglevoll, Fjøssystemers fagsjef for sau, i storbingefjøset sitt, 2025

Kontakt oss

Benytt skjemaet for å gjøre en henvendelse relatert til denne siden, så blir du kontaktet innen kort tid. Klikk her for å se oversikt over kontaktpersoner

Kontakt oss

Section

Section

Skroll til toppen