Ring 02634

Fokus på dyrevelferd og teknikk

Hos Sivert Solbakk på Skei i Jølster står eit nytt, moderne mjølkekufjøs klart for innflytting. Ved hjelp av avansert teknologi frå Lely og stødig montasje frå Utigard Agro, er drifta rigga for framtida.

Sivert Solbakk. Skei i Jølster, 2026

Målet med nybygget i Stardalen har vore å skapa ein kvardag med høg presisjon, god dyreflyt og ein enklare arbeidsdag for bonden. Ved å kombinere smarte robotløysingar har ein fått eit anlegg der både mjølkekvalitet og hygiene vert ivareteke døgnet rundt.

Toppmodell frå Lely

Hjarta i fjøset er mjølkeroboten Lely Astronaut A5 NEXT. Denne er utstyrt med dei nyaste funksjonane for overvaking av mjølkekvalitet og dyrehelse:

  • M4Use kalvemjølkutskiljar: Ein ny og effektiv løysing for enkel handtering av mjølk som skal skiljast ut, til dømes til kalvane.
  • MQC-C celletalsmålar: Gir kontinuerleg oversikt over celletalet i mjølka, noko som er avgjerande for å oppdage speneproblem tidleg.
Ro i fjøset med automatisert fôring og reinhald

For å sikre at dyra får i seg rett mengde kraftfôr i eit roleg miljø, er det installert ein Cosmix kraftfôrstasjon. Denne er levert med bakport, noko som hindrar at andre kyr jagar bort den som står og et.

Reinhaldet vert ivareteke av skraperoboten Lely Discovery. Ved å la roboten gå kontinuerleg på gangareala, held ein klauvene tørre og reine, noko som er ein av dei viktigaste føresetnadene for god klauvhelse i løsdriftsfjøs.

Lokal ekspertise

Monteringen er utført av Utigard Agro, som er kjend for stilreine og straumlinjeforma installasjonar. God planlegging og nøyaktig montasje sørger for at teknologien fungerer optimalt frå dag éin.

Me i Fjøssystemer takkar Sivert Solbakk for tilliten og ønskjer lukke til med drifta i det nye anlegget!


Vil du vite meir om løysingane i Stardalen? Ta kontakt med vår salskonsulent:
Sigbjørn Kirkeeide, 99 56 08 10, [email protected]

Kontakt oss

Benytt skjemaet for å gjøre en henvendelse relatert til denne siden, så blir du kontaktet innen kort tid. Klikk her for å se oversikt over kontaktpersoner

Kontakt oss

Section

Section

Skroll til toppen