Ring 02634

Nytt sauefjøs på Voss

LID: Hjå Kjersti og Stian Nordgård Lid står no eit flunkande nytt og frittståande sauefjøs klart. Driftsbygningen er skreddarsydd for 65 vinterfôra sau, med fokus på enkle kvardagsløysingar og god dyrekomfort.

Sauefjøs hos Kjersti og Stian Nordgård Lid. Voss, 2026

I dette prosjektet har Fjøssystemer levert ei komplett pakke med innreiing og tekniske løysingar som skal sikra god flyt i arbeidet, særskilt i den travle lammingstida.

Fokus på hygiene og dyrevelferd

For å sikra best mogleg hygiene og eit tørt liggeareal, er fjøset utstyrt med Mik Stepper plastrister. Desse er monterte på solide bærejern som toler tidas tann. Plastrister gir ein lun overflate for dyra og er svært enkle å halda reine.

Lammesikker innreiing

Sjølve bingeløysinga er bygd opp med lammesikre frontar og bingeskiller. Dette er avgjerande for å unngå at lamma kjem seg på avvegar eller skader seg. Alle skiller er utstyrte med portar som gjer det enkelt for bonden å flytta dyr mellom avdelingane på ein sikker måte.

Tekniske leveransar:

  • Drikkesystem: Komplett anlegg med drikkeniplar som sikrar dyra friskt vatn til kvar tid.
  • Ventilasjon: Eit driftssikkert system med manuelt styrte veggventilar som kombinerer naturleg og mekanisk avtrekk via vifte i tak med spjeld. Dette gir full kontroll på luftkvaliteten i fjøset.

Me i Fjøssystemer takkar Kjersti og Stian for oppdraget og gratulerer med eit flott nyanlegg på Voss!

Selger: Olav Hjetland Bringedal, 94 17 88 15, [email protected]

Sauefjøs

Kunde: Kjersti og Stian Nordgård Lid, Voss.
Innredning: MIk Stepper plastrister, lammesikre frontar og bingeskiller, komplett drikkesystem med drikkeniplar.
Ventilasjon: Komplett ventilasjonanlegg med manuelt styrte veggventilar og avtrekksvifte i tak med spjeld.

Relaterte innlegg

stilling ledig
Lam på halm i sauefjøs
Oddmund Hildal
Lamming hos Kjetil Lien
Storbingeløsning hos Finn Mo, Lærdal 2026
Sauepodden med Olav Bringedal, Anders Konglevoll og Kjetil Lien. Januar 2026
Sauepodden Julespesial 2025. Foto: Anders Konglevoll
Sauepodden: Paring, avl og vinterens fagmøter. Foto: Anders Konglevoll
Saueprat: en podkast-serie fra Fjøssystemer Gruppen. Foto: Anders Konglevoll
Sauesanking i fjellet
Anders Konglevoll, Fjøssystemers fagsjef for sau, i storbingefjøset sitt, 2025
Storbingeløsning med kraftfôrstasjon hos Anette og Fredrik Kirkelund i Hernes, 2025

Kontakt oss

Benytt skjemaet for å gjøre en henvendelse relatert til denne siden, så blir du kontaktet innen kort tid. Klikk her for å se oversikt over kontaktpersoner

Kontakt oss

Section

Section

Skroll til toppen