Opning av nytt fjøs i Viksdalen

Arvid Følling opna nyfjøset på sjølvaste Luciadagen!

Opning av nytt fjøs i Viksdalen
Spart fra Suding hos Arvid Følling, Viksdalen.

Publisert:

37 inflytningsklare kyr stod å trippa ved dørene då den nye Lely A5 mjølkerobot var klar for arbeid. Etter mjølking kan dei kvile godt på madrasser frå Easyfix eller rusle ein synfaringstur på Sudingspalter. Så kan dei forsyne seg på fôrbrettet gjennom innreiing frå Jourdain som er montert på stolper frå Wopas.

Om dei er fysne på meir kraftfôr etter mjølking vert det servert i ein Lely Cosmix, som har to retter på menyen. Vatn til maten vert servert av Suevia, og frisk luft får dei ved hjelp av naturleg ventilasjon frå Arntjen. Om dei so føler for å gjere «sitt fornødende» vert gjødsla rydda vekk av ein kjekk liten Lely Discovery før den vidare vert teken vare på av FS slurry luftomrøringsystem. Ein Agricow kubørste gjer jobben i «spa-avdelinga».

Sjølve bygget er levert av Fjøssystemer Bygg. Arvid har til kyrne sine valt stålrammekonstruksjon med vegger i massivtre og godt isolert sandwichpaneltak.

Fjøssystemer Nordvest og Fjøssystemer Bygg takker for leveransen og eit godt samarbeid i prosjektet. Det har vore ein fornøyelse å arbeide ilag mot målet og vi gler oss til vegen vidare.

Vi ynskjer alle ei riktid god jul når den tid kjem 🙂

    Kontakt oss

    Benytt skjemaet for å gjøre en henvendelse relatert til denne siden, så blir du kontaktet innen kort tid. Klikk her for å se oversikt over kontaktpersoner