INNLANDET: Den eldste delen av driftsbygningen hjå Håvar og Ellen Marie Sørumgård Syse på Dovre – omtala på garden som «gåmmålfjoset» – vart ført opp i 1876. I 150 år har bygget vore i kontinuerleg drift og hyst både mjølkekyr, geiter, hestar, høner og sau. Gjennom åra har bygget vore ombygd fleire gonger, men no var tida moden for ei omfattande modernisering tilpassa dagens krav til dyrevelferd og rasjonell sauedrift.

Garden driv aktivt med lokalmatproduksjon under namnet Dovrelam, der dei tilbyr både ferske stykningsdelar og tradisjonelt foredla varer som pinnekjøt, lammerull og fenalår gjennom eigen gardsbutikk. For å leggje til rette for god drift i mange tiår framover, vart det gjennomført ei totalrenovering av fjøsrommet.
Arbeidet omfatta støypt kjellar, nye golvbjelkar, nytt fôrbrett og nytt golv. Den eldre innreiinga med strekkmetall har veke plassen for ei moderne og funksjonell i-mek-leveranse frå Fjøssystemer. Det er lagt inn MIK Stepper plastrister, som gjev eit tørt, lunt og skånsamt underlag for klauver og ledd. Vidare er fjøset innreidd med lammesikre frontar som sikrar god tilgang til fôret og trygge rammer for lamma i lemmingstida.
Fjøssystemer takkar Ellen Sørumgård Syse for tilliten og det gode samarbeidet, og ynskjer lukke til vidare med drifta og matproduksjonen på Dovre!
Prosjektfakta
Kunde: Ellen Sørumgård Syse / Dovrelam (Instagram: @dovrelam / @ellemelle78)
Stad: Dovre, Innlandet
Driftsform: Sauehald og lokalmatproduksjon med gardsbutikk
Bygg/omfang: Rehabilitering og total oppgradering av driftsbygning frå 1876
Innreiing og mekanisering: MIK Stepper plastrister, lammesikre fôrfrontar, nytt fôrbrett og innreiing tilpassa sau
Salg i-mek: Arne Morten Borgenesset | 91 18 35 16, [email protected]
Leverandør: Fjøssystemer


















