Nytt ungdyrfjøs med utsyn over Vossabygda
Hjå Svanhild og Espen Rode på Voss har dyra no flytta inn i eit moderne og funksjonelt ungdyrfjøs. Prosjektet er prega av stor eigeninnsats frå brukarane og solide tekniske løysingar frå Fjøssystemer Vest.
Publisert: 26. mars 2026

Då dyra kom heim frå fjellbeite i haust, stod det nye tilbygget klart til å ta imot både kalvar, kviger og kastratar. Fjøset ligg vakkert til i terrenget med utsikt over bygda, og er dimensjonert for å gje ungdyra dei beste føresetnadene for god helse og vekst.
Fokus på dyrevelferd og liggekomfort
For å sikre god dyrevelferd er det lagt stor vekt på komfort i liggeareala. Valet fall på mjuke og slitesterke liggebåsmatter frå Kraiburg, som i kombinasjon med solid innreiing frå Jourdain sørger for trygge og rolege liggeplassar.
Gode rutiner for vatn er også ivaretatt gjennom frostsikre drikkekar og sirkulasjonsanlegg frå Suevia, noko som er avgjerande for stabil vasstilgang gjennom kalde vossavintrar.
Tekniske løysingar og leveranse
Fjøssystemer Vest har hatt ansvaret for planlegging og leveranse av i-mek til prosjektet. Utstyrspakken består av anerkjente kvalitetsprodukt:
- Betongspalt: Suding – sikrar reinhald og god klauvhelse.
- Innreiing: Jourdain – robust stål som tåler bruk over tid.
- Liggebåsmatter: Kraiburg – marknadsleiande komfort for ungdyr.
- Drikkeutstyr: Suevia – frostsikre løysingar med sirkulasjon.
- Stolper: Wopas – holdbare plastbelagte trestolper.
Samarbeid og eigeninnsats
Det er lagt ned ein imponerande arbeidsinnsats frå Svanhild og Espen i byggjeperioden. Godt samspel mellom byggherre og våre rådgjevarar har vore nøkkelen til eit vellukka resultat.
Me i Fjøssystemer Vest takkar for tilliten og det gode samarbeidet, og ynskjer familien Rode lukke til vidare med drifta i det nye ungdyrfjøset!
Ynskjer du å veta meir om dette prosjektet eller liknande løysingar?
Ta kontakt med vår rådgjevar Kristian Skjerve, 99 37 12 19, [email protected]